Marte Vassbotten
Tar ordet
Fortsatt ein veg å gå!
Kvifor er det så få kvinnelege toppleiarar i sjømatnæringa, og kvifor skal vi bry oss med dette?
Skrevet av:
Marte Vassbotten
Den nest viktigaste eksportnæringa i det nest likestilte landet har fortsatt ein veg å gå for å oppnå likestilling mellom kjønn. Det må vi gjere noko med!
Kor mange kvinnelege leiarar er det i di bedrift? Eller i ditt styre? Kvifor er det så få kvinnelege toppleiarar i sjømatnæringa, og kvifor skal vi bry oss med dette? Kva tykkjer eg, som ein av få kvinner i sjømatnæringa, om den låge representasjonen?
Eg har hatt mange gode rollemodellar i mitt 33 år lange liv, dei fleste i nær familie. Men ingen eg kjenner har arbeidd så hardt og så lenge for å leve opp til livsmottoet «rettferd og likestilling for alle» som min kjære besten (morfar). Magne Måren var føreåt for si tid. Han skjønte at nøkkelen til eit levedyktig og attraktivt samfunn var arbeid både til kvinner og menn, noko som ikkje var mogleg utan barnehagar. Difor var han pådrivar for ein av dei fyrste kommunale barnehagane i Sogn og Fjordane.