Marte Vassbotten
Tar ordet
Kva må til for berekraft?
Har nokon kapra den strategiske posisjonen som den berekraftige leiaren i oppdrettsnæringa?
Skrevet av:
Marte Vassbotten
Har nokon kapra den strategiske posisjonen som den berekraftige leiaren i oppdrettsnæringa? Etter mi meining — ikkje endå. Kanskje fordi det krev tid og innsats å få oversikt og orden i eige hus. Det lønar seg på sikt. Aktørar som er flinke på berekraft har hatt høgare driftsmargin og avkastning og lågare volatilitet dei siste fem åra.
Berekraftig utvikling utgjer tre pilarar; økonomi, miljø og sosiale forhold. Det er samanhengen mellom desse som avgjer om noko er berekraftig eller ikkje. For å sette det litt på spissen vil eg påstå at oppdrettarar har fokusert mest på økonomi, miljøorganisasjonar på miljø og myndigheiter på det sosiale. Dette har skapt steile forhold med overvekt på tiltak som kan skape ubalanse i den berekraftige utviklinga. For eksempel, eit kortsiktig overfokus på lakselus (miljø) har ført til redusert fiskevelferd på oppdrettslaksen, auka døyelegheit (miljø og økonomi) og reduksjon i produksjonsvolum (økonomi). For å oppnå berekraftig utvikling må vi innføre tiltak som balanserar økonomi, miljø og sosiale forhold på ein god måte.