Lisa Leinebø Pinheiro
Tar ordet
«Seafood from Nowhere»
«Seafood from Norway». Har vi god nok kontroll på bruken av dette kvalitetsstempelet?
Skrevet av:
Lisa Leinebø Pinheiro
Når såkalla Kina-fisk blir solgt som lokal norsk fisk og utanlandsk fisk landet i Norge blir solgt som norsk, kva truverd har då vår merkevare «Seafood from Norway»? Verner vi ikkje om den norske fisken og let vår merkevare bli brukt fritt kan vi like gjerne prate om «Seafood from Nowhere». Det er ingen av oss tent med.
Gjennom eksportselskapet PHL SEAGOLD sender vi norsk sjøfryst fisk verda over. Vi er stolte over å kunne fiske og eksportere under det norske flagget, og kalle oss verdas beste sjømatnasjon.
Saman har vi bygd opp eit omdømme — ei merkevare som vi ute i verda sel som «Seafood from Norway». Spørsmålet er om vi har god nok kontroll på bruken av dette kvalitetsstempelet?
Tur-retur Kina
Tidlegare i år slo eg av ein prat med eit fiskeutsal på Sunnmøre for å høyre litt fiskenytt og sjekke korleis den sjøfryste filéten frå linebåten vår «Leinebris» slår an. Dei let både vel og bra om kvaliteten. «Men den sel ikkje på nær så mykje som dette her», lød svaret i det ein delikat pakke med snøkvite loins blei leita fram. «Dette sel vi store mengder av. Og kundane kan ikkje klage på prisen».
Fisken eg ser på er merka med ei adresse i Ålesund. Eg klarer ikkje å plassere den nokon plass. Ikkje så rart, viser det seg. Fisken har nemleg vore ei lang reise til Kina for produksjon, for så å bli pakka om og lagt i ny «lokal forpakning» her i Norge, fortel utsalet meg. Ikkje eitt ord, heller ikkje med lita skrift på etiketten, står det om denne Kina-reisa til dei som skal kjøpe produktet. Men prisen og kvitfargen på produktet er nok til at det hjelper lite for oss med stor skrift på forpakninga til «Leinebris» å fortelje at filéten både er sjøfryst og linefanga på ein lokal båt. Er det greitt? Nei! Kanskje er denne fisken berre ein dråpe i havet av all umerka og ompakka fisk. Den dråpen har fått begeret mitt til å renne over.