Skrevet av:
Silje Remøy
Av: Silje Remøy, specialist partner i Advokatfirmaet BAHR AS.
I 1024, eit tusenår tilbake, sto Noreg overfor eit historisk vendepunkt då Olav den Heilage innførte kristenretten på Moster. Denne hendinga signaliserte eit dramatisk skifte for riket, frå dei gamle norrøne trusoppfatningane til kristendomen. Vedtaket av den skriftlege kristenretten var ikkje berre eit religiøst byks, men ôg eit fundamentalt steg mot utviklinga av Noreg som rettsstat. Kristenretten la grunnlaget for eit større borgarleg engasjement, der folkets påverknad på og innsyn i lovverket er sentrale støttepilarar. I vår moderne tid, med eit mylder av komplekse lover og EU-forordningar, står vi føre utfordringar med å halde fast ved desse grunnleggjande prinsippa.
Regelverktsunami for fiskeri- og havbruksnæringa
Dei siste tjue åra har Noreg opplevd ein eksplosiv vekst i antal lover og reglar, noko som har ført til auka kompleksitet for næringsaktørane. Det blir stadig vanskelegare for enkeltpersonar og bedrifter å halde seg orienterte om dei raske endringane, og det blir ôg meir utfordrande å vite korleis ein som aktør kan få fram sitt synspunkt og påverke regelendringar som kjem. I denne dynamiske konteksten har arbeidet med å påverke og tilpasse seg regelverket blitt ein stadig viktigare del av næringslivet.
For fiskeri- og havbruksnæringa, som er ein sentral del av norsk økonomi og kultur, er det særleg viktig å være oppdatert på og engasjert i ei rask regelverksutvikling. Døme er Akvakulturlova frå 2006 med hittil 40 tilhøyrande sentrale forskrifter og Havressurslova med 127 sentrale forskrifter. I tillegg gjerast EU-direktiv til norsk rett gjennom EØS-avtalen i eit forrykende tempo.
Eit konkret døme på korleis EU-regulering treff fiskeri- og havbruksnæringa er at norske fiskeforedlingsbedrifter, både for laks og villfisk, no står overfor svært stramme utsleppskrav som følge av EU sine BAT-konklusjonar, dvs. utslippsgrenser, rettskraftige i Noreg frå desember 2023. Dei strenge grensene er fastsette i EU som miljøtiltak og tilpassa ei heilt anna verkelegheit enn den norske. Norsk fiskeforedling skjer langs norskekysten med gode straumforhold i sjø og ikkje minst bruk av sjøvatn i produksjonen. Toget har no gått frå perrongen når det gjeld å kunne påverke desse krava frå EU. Direktivet er gjennomført som norsk lov, og det som gjenstår er ein begrensa unntaksklausul for å unngå kostbar ombygging av anlegga for å reinse sjøvatn for det naturlege organiske innhaldet. Om dei foreslåtte tiltaka vil gi ein miljømessig gevinst verkar i beste fall uklart.
Også nasjonale rettsprosessar, som innføring av grunnrenteskatt på havbruk frå og med inntektsåret 2023, synleggjer kor viktig det er å vere budd på politiske endringar. Mange trudde at lovgivarprosessen var over i 2020 da det endte med ei auka produksjonsavgift i staden for grunnrenteskatt. Etter regjeringsskiftet i 2021 kom forslaget på nytt fram, som førte til 14.000 sider med høyringsfråsegner og 412 høyringssvar. Spørsmålet er om den politiske kampen da alt var avgjort, og at det berre sto igjen eit spørsmål om prosentsats då dei siste fråsegnene var kome inn.
Desse erfaringane må vi ta med når vi skal rigge oss for den neste «grunnrenteskatten». Det er tydeleg at fiskeri- og havbruksnæringa må tilpasse seg raskt for å sikra prinsippa om påverknad og innsyn. At vi står ved skjeringspunktet mellom nasjonale og internasjonale avgjerdsprosessar, krev også at aktørar må navigera med stadig større juridisk innsikt.
Korleis påverke i den nye regulatoriske verkelegheita?
Frå vår posisjon som rådgivarar til næringa, ser vi at ein bevisst regulatorisk strategi kan vere ein nøkkel til enklare å navigera i det regulatoriske landskapet samt påverke den politiske vilja. Konkret kan ein slik strategi byggast etter fylgande punkt:
1. Bevisstheit: Kva er dei viktigaste juridiske rammene for ditt selskap i dag? Kva veit vi om mulige endringar, pågåande lovprosessar inkludert internasjonale faktorar knytta til disse rammene. Særleg gjeld dette innanfor miljøkrav til fiskeri- og havbruksnæringa.
2. Sette eit mål: Skap ei klarheit om korleis ei ønska regulering for å drifte ditt selskap på best mogleg måte ser ut, både opp mot eksisterande og varsla regulering. Korleis ser den føretrekte løysinga ut teknisk, økonomisk og juridisk?
3. Realiserbar: Kor realiserbar er målsetjinga innanfor gjeldande ramme. Trengs ei lovendring, forskriftsendring eller kan løysinga kome på plass innafor gjeldande rammer, eksempelvis gjennom vedtak.
4. Identifisering: Identifiser muligheitsrommet for påverknad. Kor aktiv må virksomheita vere for å nå målsetjinga i strategien? Både politikara og byråkrater ynskjer tydelege stemmer frå næringsaktørane, som kan vise ein farbar veg. Næringa kan sjølv utarbeide og formidle konkrete løysingar, også utanom formelle høyringsrunder. Døme på slike gjennomslag er kvotemeldinga «Folk, fisk og fellesskap» der næringsaktørane sine stemmer blei høyrde, kanskje ôg fordi lovgivar har stor respekt for ei virkelegheit som er komplisert. Det er ingen som kjenner behova betre enn næringsaktørane sjølve.
Næringa kan engasjera seg i direkte dialog med politiske beslutningstakarar. Dette kan være møter, seminar og anna form for utveksling av informasjon og synspunkt. Ved å arbeide gjennom nærings- og bransjeorganisasjonar kan fiskeri- og havbruksnæringa samle si stemme og auke påvirkningskrafta. Gitt at fleire og fleire reglar også er påvirka av internasjonale avtalar og EU-forordningar, kan bransjeorganisasjonar samarbeide med aktørar i andre land for å påverke på eit overnasjonalt nivå.
5. Juridisk påverking: I enkelte heilt særlege tilfeller kan det også være naudsynt å ty til juridiske verkemiddel for å utfordra regelverk som framstår urettferdig eller skadelig for næringa. Dette kan involvere å ta saker til retten eller å be om juridiske klargjering.
Vær førebudd på endringane
Det er opp til næringa å påverke den politiske vilja og sørgje for at aktørane si vilje er styrande når politiske avgjerder skal fattast. Dersom fiskeri- og havbruksnæringa er proaktiv og strategisk, auka sjansane for å sikre at næringa sine interesser blir forstått og tekne omsyn til.
Ved å fokusere på bevisstheit, målsetjingar og handlingsrom, kan vi vere i forkant av regelendringar, både dei vi ynskjer og dei vi ikkje ynskjer. Slik kan næringa halde fram med å være ein bærekraftig og lønnsam del av norsk økonomi.