Marte Vassbotten
Tar ordet
Verdibasert ledelse
Slit du med å motivere dine medarbeidarar? Må du detaljstyre meir enn ønska?
Skrevet av:
Marte Vassbotten
Slit du med å motivere dine medarbeidarar? Må du detaljstyre meir enn ønska? Er det utfordrande å rekruttere og behalde dei rette folka? I så fall er du ikkje aleine. 6 av 10 NHO-bedrifter melder om eit kompetansebehov dei ikkje klarar å dekke. Verksemder i distrikta er særleg utsett.
Rapporten «Ei konkurransedyktig og kunnskapsbasert havbruksnæring» beskriv utdanningsrevolusjonen som ei utfordring. Den har skapt sterk gravitasjon mot nasjonale og regionale sentra til ulempe for utkantstrøk. Teknologiske endringar og strengare krav aukar behovet for utdanna arbeidstakarar. Dei stiller andre krav til miljøet på arbeidsplassen. Fråværet av interne karrieremogelegheiter i små, familieeigde bedrifter fører til at sjømatnæringa tapar kampen om dei unge talenta.
Bonus til bry eller godt ry?
Oppdrettsnæringa tilbyr attraktive ordningar. Media skriv om rekordhøge bonusar, den eine høgare enn den andre. Særleg hjå lokale oppdrettarar; ofte ein peikepinn på eit suksessfullt driftsår.
Det er flott at næringa deler overskotet med tilsette. Det er ingen tvil om at dette skapar eit godt ry. Men er det nok til å behalde og tiltrekke dei rette folka? Dessverre kan den ytre motivasjon fortrenge den indre motivasjonen ved at det blir for stort fokus på løn, bonus og måloppnåing. Faktorane som motiverer mest på arbeidsplassen, ifølgje ei undersøking av Stamina Census i 2017, er gleda over å gjere ein god jobb, interessante utfordringar og tilhøyrsle. Overraskande er måloppnåing faktoren som motiverer minst.
Vi går mot eit skifte. Neste generasjons arbeidstakarar — generasjonane Y og Z — krev ei ny tilnærming til leiing. Dei ønsker individuell oppfølging og utvikling og spennande arbeidsoppgåver. Dei vil arbeide for ei bedrift som samsvarer med eigne verdiar. Måten du styrar bedrifta på kan vere ein del av løysinga.