Høyviks kommentar
Drama på hav og is
For Idar Tarberg frå Moltustranda har havet vore arbeidsplassen frå han var femten år til han pensjonerte seg som 62 åring.
For Idar Tarberg frå Moltustranda har havet vore arbeidsplassen frå han var femten år til han pensjonerte seg som 62 åring. I 1962 fekk han sin første jobb som messegut på «Langvin» fra Ålesund. 4. august var båten på veg til Vest-Grønland da den grunnstøytte i Flåværleia. Ingen kom til skade, men båten kom ikkje til feltet. Berre ei veke etter grunnstøytinga var Idar igjen på veg til Vest-Grønland, no om bord i Hordalandsbåten «Hans O», som var eigd av den legendariske notbasen Hans O. Vindenes. Då Idar var 16 år tok han til på kokke- og servitørlinja på Herøy Yrkesskule, og som 17 åring reiste han som stuert på ishavsskuta «Grande». Litt av ei oppgåve for ein 17-åring å koke til 12-15 mann og ha ansvar for at det var nok proviant om bord.
Etter arbeid på ulike båtar gjekk han i 1967 om bord i Ålesundsbåten «Jan Mayen».
Mars 1968
I verda var det mykje uro og studentdemonstrasjonar i 1968. På Sunnmøre gjorde båtane seg klar for selfangst i Vesterisen og ved New Foundland. Startdatoen ved New Foundland var dette året utsett med ti dagar til 22. mars. I Vesterisen var startdatoen først 31. mars.