MINNEORD
Johannes Bjarne Eggesbø (1937-2020)
Han vart 83 år, og var vital, optimistisk og engasjert til det siste.
Johannes Bjarne Eggesbø døde uventa 17. september i år. Han vart 83 år, og var vital, optimistisk og engasjert til det siste. Han døde mindre enn to måneder etter at hans kjære Marion døde, etter lang tids sjukdom.
Med Johannes Bjarne har kysten mista ein av sine mest driftige, både som fiskar og fiskebåtredar. Johannes måtte tidlig ta ansvar. Faren, Peder, var medeigar i trebåten «Eros» på 48 fot, med lastekapasitet på 200 hl. sild. Johannes var med som fiskar. Der fekk han erfaring frå dei tradisjonelle fiskeria på Sunnmørs-kysten, men også etter håbrand, størje og i Lofoten med not. Faren, Peder, og dei andre eigarane, hadde i 1956 kontrahert ny båt, «Ny-Eros». Denne var 72 fot og lasta 900 hl. Det var ei stor utvikling frå den første.
I 1958 døydde faren brått, og Johannes overtok om skipper 21 år gamal, og også faren sin eigarandel i båten. Dette var starten på ei utvikling som har ført til eit av dei største privateigde fiskebåtrederia i landet. Johannes såg tidlig at slik fiskeria utvikla seg, var ikkje ein båt på 72 fot noke å satse på. Han starta likevel med kraftblokk og ringnot på den. Etterkvart kom det fleire større og meir effektive båter med Eros-namnet, også medeigarskap i andre fiskefarty.
Johannes hadde alltid gode resultat. Vinteren 1969 fekk «Eros» sølvsilda. Han var også ein av pionerane, saman med 2 andre båtar, i kolmulefisket midt på 70-talet. Hadde alltid resultat i toppen på dette fiskeriet frå 1978 og utover på 80-talet. På dei mange nye båtane var Johannes sjølv skipper heilt fram til slutten av åttitalet.
Johannes satsa også på land. I 1987 starta han, saman med Teigenesrederiet og seinare Global Fish, selskapet Herøy Fiskeindustri. Idéen var å vidareføre verdiskapinga av eigen fisk. Gjennom seinare fusjonar og sal vart dette starten på mange arbeidsplassar i Herøy og ved lakseproduksjonsanlegget til det som i dag er Mowi Eggesbønes.
For vårt rederi har samarbeidet med Johannes vore langvarig og omfattende. Heilt frå 1971, den gongen i lag med åtte andre Sunnmørs-rederi om tuna-snurperen «Sun-Tuna». Prosjektet hadde ein vanskelig start, men på siste turen var Johannes bedt om å vere skipper, og då fekk dei fleire gode fangster utanfor Vest-Afrika. Då var imidlertid «kassa tom» og fleirtalet ville ikkje gå inn med meir penger.
Neste samarbeidsprosjekt kom i 1981 då vi bygde nye «standby-farty», der Johannes gjekk inn med eigenkapital. Dette vart eit vellukka prosjekt. I 1990 overtok vi fabrikktråleren som fekk namnet «Varegg», og frå 1991 kom Eros-rederiet inn som minoritetsaksjonær i dette rederiet. Båten vart utskifta i 1998, og då vi i 2008 bestemte oss for selge majoriteten i fabrikktrålaren «Ramoen» var det naturleg å tilby dette til Johannes og Per-Magne Eggesbø, og slik er det også i dag. Det er nok ikkje mange samarbeid som har gått så knirkefritt over så mange år.
Johannes hefta seg ikkje ved bagateller. Han hadde stor praktisk innsikt i fiske og stilte store krav til seg sjølv og til mannskapet. Rederiet sine båtar har alltid hatt stabilt og dyktig mannskap. Han sette krav til god kvalitet på båt og bruk, både i bygging og vedlikehald. Johannes var optimistisk og hadde langsiktige perspektiv, viktige eigenskapar i ei bransje der det ofte svinger sterkt.
Vi vil sakne Johannes. Det var alltid kjekt og inspirerende å arbeide i lag med han. Til slutt tek vi med at fire år før han døde, fekk Johannes skrive rederihistoria «Eros — arven etter far min». Den gir god innsikt i korleis Eros-rederiet gradvis er bygt opp.
Vi vil alltid minnast Johannes Bjarne med stor respekt.
Knut og Atle Vartdal