Marte Vassbotten
Tar ordet
Produkt og tenester kundane vil elske
Designtekning kan vere ei gullgruve dersom du har ei problemstilling du ikkje veit svaret på, og som du har lyst til å utforske. Det beste som kan skje er at kundane dine kjem til å elske det.


Ønsker du å skape nye produkt og tenester som kundane vil elske? Har du ei problemstilling som du gjerne skulle ha utforska? Vil du bli betre kjent med eksisterande og nye kundar, eller utforske ei ny, kreativ tilnærming til innovasjon? Designtenking kan vere metoden som opnar nye moglegheiter for ditt selskap.
Design Thinking, eller designtenking, er nesten like nytt som det norske oppdrettseventyret. Det byrja så smått å ta form allereie på sekstitalet. Metoden sprang ut i frå ingeniørar, arkitektar, industridesignarar og kognitive forskarar som arbeidde med kollektiv problemløysing.
Tidlegare var designarar berre involvert i dei siste fasane av produkt- og tenesteutvikling, nemleg estetikken og funksjonaliteten til sluttproduktet. I dag gjennomsyrer designtenking heile produkt- og tenesteutviklingsprosessen. Mange selskap brukar metoden som ein konkurransefordel. Tankegangen har blitt ein del av bedriftskulturen. Til dømes hjå Apple, Tesla og Ikea.
Designtenking handlar om å skape glede for kundane, ikkje korleis kundane kan passe inn i det vi allereie har skapt. Med andre ord å skape nye produkt og tenester med kunden i sentrum eller å samskape med brukaren. Vi forsøker å finne ut kva ønsker og behov kundane har. Målet er å skape opplevingar som kundane vil elske.
Auka inntening og nye kundar
Airbnb, ein populær plattform for å leige ut heimen sin til turistar, heldt på å gå konkurs i 2009. Airbnb hadde nettopp lansert konseptet, men sleit med å bli lagt merke til. Ei utfordring var at bileta som utleigarane lasta opp på plattformen var av svært dårleg kvalitet. Gründerane besøkte alle utleigarane i New York, fekk tilbakemelding på deira erfaring med å bruke plattformen og tok profesjonelle bilete for utleigarane sine. Ved å forbetre bileta, dobla dei inntekta. I dag kan ein bestille gratis fotograftenester på Airbnb når ein skal marknadsføre heimen sin. Naturlegvis har designtenking blitt ein viktig del av innovasjonsprosessen i Airbnb.
Vil du lese mer av saken på en enkel måte? "Prøv gratis i 14 dager" uten binding eller forpliktelser, eller logg inn på din bruker.
Logg inn
Prøv gratis i 14 dager
Vi tilbyr 14 dagers prøvetid uten binding eller andre forpliktelser. Alt du registrerer er navn, (firma), epost og egen kode. Etter 14 dager må du selv aktivere abonnement om du ønsker det. Er du allerede abonnent, men har ikke digital bruker? Lag brukerkonto her. Vi knytter det til ditt abonnement. Du kan lese mer om abonnement eller ta kontakt med oss
Få innsikt og oversikt
Et årsabonnement koster 2300,- og gir deg tilgang til alle saker på NorskFisk.no, magasinet Norsk Fiskerinæring samt årboken Norsk Sjømatnæring. Les mer ved å trykke “Bli abonnent”.