Spelet om dei pelagiske fiskeria i Norskehavet
År etter år blir det fisket vesentlig mer enn det havforskerne anbefaler og myndighetene fastsetter som totalkvote.
Skrevet av:
Trond Bjørndal
Bakgrunn
Alle involverte land ynskjer å maksimere det nasjonale utbyttet frå dei pelagiske fiskeria. I prinsippet inneber det både store fangstar og store bestandar som kan gje store fangstar på vedvarande basis. Dei ulike landa kan og ha andre målsetjingar. Lat oss her berre nemne at makrell representerer det viktigaste fisket for Storbritannia, medan NVG og kolmule er lite vesentlige. Britisk sone er og svært viktig for andre land sine fangstar av makrell. På den andre sida leverer britiske fiskarar ein stor del av sine fangstar i Noreg. Alt dette er tilhøve som kan påvirke ei forhandlingsløysing.
Det vert stundom skilt mellom det ein kallar primært og sekundært samarbeid. Det primære samarbeidet refererer til mellom anna vitskapleg samarbeid. Her har det vore omfattande samarbeid over tid gjennom Det internasjonale havforskingsrådet (ICES) og på ulike område gjennom North-East Atlantic Fisheries Commission (NEAFC). Dette tyder på at alle partane ser seg tent med slikt samarbeid.