Skrevet av:
Trond Bjordal
Produksjon og eksport av klippfisk er ei viktig distriktsnæring i Noreg med tradisjonar som går fleire hundre år tilbake. I denne artikkelen vil eg analysere verdiskaping i klippfisknæringa med grunnlag i rekneskapsdata for perioden 2009-2020.
Eksportverdien av klippfisk auka frå 3,065 milliarder kroner i 2009 til 4,76 milliarder i 2019, den største verdien i næringa si historie. Derimot ble eksportverdien i 2020 redusert til 4,31 milliarder, ein nedgang på 9,6 prosent frå 2019. Eksporten av saltfisk auka derimot frå 1,28 milliarder i 2019 til 1,44 milliarder i 2020. Samla eksportverdi for klippfisk og saltfisk vart redusert frå 6,05 milliarder i 2019 til 5,75 milliarder i 2020. Eksporten av klippfisk og saltfisk utgjorde i 2020 ca. 5,4 prosent av den totale norske fiskeeksporten, som i 2020 representerte ca. 105,7 milliarder og ca. 18,2 prosent av fiskeeksporten utanom oppdrettsfisk.