Lisa Leinebø Pinheiro
Tar ordet
Frosen fisk for framtida
Det blir ofte prata om klimaskiftet. Eg vil slå eit slag for det store fiskeskiftet med skifte av fokus frå fersk fisk til frosen fisk, for å ta ansvar for nettopp miljøet og kvaliteten i sjømatnæringa.
Skrevet av:
Lisa Leinebø Pinheiro
Frosen fisk blir i nyare forskning vurdert til å vere like bra — og ofte betre — enn fersk fisk, og peika på som redninga for å stoppe dei store klimaavtrykka frå sjømatnæringa. Er ikkje det ein grunn god nok til å skifte fokus frå fersk fisk til frosen fisk?
Ferskare enn fersk
Frå gammalt av ligg haldninga om at fersk fisk er best. Ei haldning det kan verke vanskeleg å endre, både hos folk flest og i industrien. Men fleire forskingsresultat utfordrar no dette, deriblant Sintef-forskar Tom Ståle Nordtvedt, som seier at kvalitetsmessig er frosen fisk vurdert som like bra som fersk, etter nokre dagar. Ein fisk som kjølast ned er langt frå så haldbar som ein frosen fisk. Og spørsmålet om kva som er ferskast og av best kvalitet er avhengig av tida som går frå fangst til konsum, temperatur og behandling av fisken.
Betre kvalitet og smak er ikkje lenger eit argument for å velje fersk framfor frose. Men det er eit forbehald: Råstoffet som frysast inn må vere av god kvalitet. Tidlegare var det slik at sjømat som eigentleg var meint å bli seldt fersk blei frose ned, med ei forringing av kvalitet. I dag har vi ein havgåande fiskeflåte som leverer sjøfrosen fisk, h/g eller filet, av ypparste kvalitet heile året rundt. Vi er så stolte over den kvite og fine fisken vi både fisker og eksporterer under det norske flagget. I ein blindtest blant ei av dei store matvarekjedene i England, kom faktisk den linefanga og sjøfrosne fisken vår betre ut enn fersk fisk fleire år på rad.
Fresh frozen at sea
Kvalitet handlar om å ta godt vare på råstoff, anten det er frose eller fersk. Nettopp det gjer vi om bord i båtane som frys fisken om bord. Ta båten vår, «Leinebris», som eit eksempel frå lineflåten. Der kjem fisken ein etter ein sprell levande om bord, på krok. Den sløyast og bløggast umiddelbart og er gjennomfrosen som h/g-fisk på under seks timar. Enda kortare går tida om vi lager filét. Dermed begrensar ein at fisken taper seg i kvalitet før den når ut til produsent eller forbrukar, som kan tine opp ein fisk som ofte opplevast ferskare enn fersk. Legg vi til at fiskemetoden er miljøvennleg og berekraftig, snakkar vi enkelt og greitt om havets gull.