Bok på kroken
«Ei reise i ord over sjø og land»



«Me hadde slingra i fleire veker, og det eine lågtrykket blei avløyst av det andre. Eg fann dyna mi krulla ved fotenden i køya morgon etter morgon. Det var i den tida vinter skulle bli til vår, og vindane såg ut til å ville yppe seg og protestere mot lysare tider. Det å dusje på ein glatt flisdørk var det næraste du kom eit norgesmeisterskap i turn. Men sjølvsagt kom han og purra på meg kvar einaste morgon.»