Brev fra leserne
Kommentar
Å du som metter liten fugl…
Av: Arnt Inge Nygård, NAIS
Skrevet av:
Arnt Inge Nygård
Havet har gjennom hundrevis av år utfordra oss på mange forskjellige måtar, gitt oss mykje gleder og av og til sorger.
Vi skal visst nok være verdens beste i det meste når det gjeld både fiske og ikkje minst forvaltning trur vi. Noko av dette kan kanskje være sant, hovedbestandane i havet ser ut til å være på et historisk bra nivå, men er det noko der ute vi har oversett? Kanskje til og med gløymd i vår iver etter å bli verdens beste.
Eg har vore så heldig å kunne leve av fiske i heile mitt vaksne liv og håper inderleg at komande generasjonar får same mogelegheit til å hauste av havet.
Grunnen til å komme med ei bekymringsmelding var et møte vi i NAIS (North Atlantic Institute for Sustainable Fishing) hadde med Runde Miljøsenter og ornitologane Alv Ottar Folkestad og Olav Runde.
Hovedformålet var å diskutere framtidige utfordringer med havvind.
Vi fikk en innføring av sjøfuglen sin plass i økosystemet og ikkje minst konsekvensane om den skulle forsvinne frå vårt sårbare system.
Sjøfuglen er ein energibærar i våre havområder, den påverkar direkte havets evne til å produsere biomasse. Med andre ord: vår beste allierte.
Sjøfuglen har levd godt av fiskeriaktiviteter gjennom hundrevis av år, men no i beste sendetid, med alle titlane intakt har vi verkeleg svikta vår beste allierte.
Våre to ornitologar Alv Ottar og Olav var heilt klar på at om vi ikkje tok litt lærdom i frå våre forfedre som viste meir respekt for alt liv i havet og gjødsla havet som var heilt vesentleg for at sjøfuglen og livet i havet skulle overleve, ville havet til slutt døy.
Dette var for oss et slag midt i ansiktet. Når dei i tillegg har registrert nedgang på mange av bestandane er vi kanskje på vei inn i ei krise som på ingen måte har fått tilstrekkeleg med fokus frå myndighetene og fiskerinæringa si side.
Sjøfuglane kan leve til dei blir 70 år, med andre ord nesten like gamle som oss.
Vi har gjort litt uformelle undersøkingar frå forskjellige hald som dessverre bekrefter eit fravær av sjøfuglen, om dette betyr forflytning eller utdøying er ikkje godt å seie.
Det som er udiskutabelt er at bidraget frå fiskeria har dei siste 20 åra vorte sterkt redusert delvis med lovens lange arm som pådriver.
Vi tok et tilbakeblikk på driftsmønsteret vårt som da var om bord i Nybo.
Nybo var i likhet med 6-7 andre båter i Smutthavet på sildeproduksjon i perioden mai til ut juni frå 1998-2006. Råstoffet ble kjøpt frå islandske, færøyske, danske og svenske båtar samt ein russisk båt.
I den aktuelle perioden kunne så mykje som 5 millionar sjøfugler bli fora opp utan at vi skal ta æra for det, men det berre illustrerer sameksistensen som for oss var heilt naturleg. Da ilandføringskravet kom i 2005 måtte vi installere ismaskiner og gifttilsetting på avskjeret og sjøfuglen blei den store taparen.
Så tilbake til veteranane våre Alv Ottar Folkestad og Olav Runde. Dette er respekterte og dyktige personar som får sin velfortente pensjon kvar månad. Dei har ikkje noko økonomisk agenda med å meine verken det eine eller det andre, dei berre bær på ein kunnskap og ei frykt for framtida om vi ikkje tek til fornuft. Å påføre fuglen nok ein x faktor som vindkraft vil etter det dei formidler om sjøfuglen sin betydning, være nok til å diskvalifisere all vindkraft på land kystnært og til havs for all framtid.
Når ein veit at enkelte fugleartar treng opp til 100 år for å bygge seg opp igjen er det all grunn til å ta dette på alvor.
Etter å stått skulerett overfor ornitologane skal eg innrømme at dette har satt sitt preg på oss i NAIS. Ein del av denne kunnskapen burde være ein naturleg del av oss som har fiske som levebrød, og ikkje minst dei som sit på reguleringa av fiske.
Vi som alle andre næringer lever i ei tid der dokumentasjon er vår nye religion. Vi har forlatt eit system bygd på kunnskap og tillit over i mistillitens verden basert på dokumentasjons-tidsalderen. Tida vår vert kanskje i for stor grad brukt til å dokumentere medan viktige signal og teikn frå det som faktisk skjer rundt oss på fiskefeltet går oss hus forbi?
Vi har prøvd å videreformidle synspunkta til ornitologane gjennom Midsundkonferansen og andre fora til folkevalde politikarar, til forskarar og fiskeriorganisasjonar. Det er få, om ingen som har utforda kunnskapen til Alv Ottar Folkestad og co, men har i likheit med oss undervurdert sjøfuglen sin sentrale rolle i økosystemet .
I etterkant av foredraget til Alv Ottar Folkestad på Midsundkonferansen, kom det ein amerikansk forskningsrapport som hadde studert sjøfuglen sin påverknad på biomasseproduksjonen i havet. Konklusjonen var at i gode hekkesesonger kontra dårlege, produserte havområde 50 % meir biomasse.
I likheit med Dag Otto Lauritsen i programmet «Huskestue» ser det ut at vi i næringa både på sjøen og i forvaltninga opererer på eit middels til lavt kunnskapsnivå om havets mangfold.
Vi i NAIS håper å kunne bidra med å få i gang ein diskusjon om utfordingane rundt havets mangfold og ikkje minst kva er eigentleg statusen for sjøfuglebestanden? Er vi framleis like suverene eller er det tid for kursendring?