«Summen av alle dei nye investeringane gjer at vi når berekraftsmåla innan 2030 og begrensar vårt avtrykk på havet». Det seier dagleg leiar, Paul Harald Leinebø, og styreleiar, Åge Uran, i Leinebris AS. Dei har akkurat inngått avtale om nybygg med det tyrkiske verftet Tersan Shipyard, med flott design frå Skipsteknisk. Partane har over tid samarbeida tett for å kome fram til dei beste investeringane og grøne løysingane.
Nyvinningar
Nye Leinebris vil bli utrusta med stor batteripakke og tre generatorsett for diesel-elektriske framdrift. Nyskapande er Asimut-thruster i hekk og baug for meir effektiv energibruk og manøvrering. Særleg har det vore fokus på å nyttiggjere all energi som produserast om bord, og båten har elektrisk dekksutstyr og vinsjar.
«Vi ønsker å fiske for framtida og ta vare på dei ressursane vi har på best mogleg måte. Då må vi både tenke nytt og bygge nytt», seier Leinebø. Gjennom eit berekraftig fiskeri og forvaltning av ressursane ønsker reiarlaget å inspirere og bidra til at Norge som sjømatnasjon kan gå fram som førebilde og gjere det enklare for folk å ta miljøvennlege matval.
Unikt kombifartøy
Nye Leinebris blir også det fyrste fartøyet som kombinerer både line, snurrevad og garn. Det vil gi ein fleksibilitet til å kunne bruke den reiskapen som setter minst klimaavtrykk. «Dette vil optimalisere og effektivisere fiskeriet, der vi kan tilpasse val av reiskap etter sesong og fiskemønster», utdjupar Uran.
Det nye fartøyet vil også få RSW-tankar for å kunne føre fisken levande om bord og til produksjon, og med moglegheiter for å losse direkte frå tankane til land. «Alt dette gjer vi for å oppnå best mogleg kvalitet på fisken vi tek om bord. Som linefiskarar veit vi kor viktig det er, og har trua på å vidareføre kunnskapen og erfaringane vi sit med frå linefiske til snurrevad», seier Leinebø.
Dobbelt lastedekk, overbygde arbeidsdekk og moonpool vil ivareta tryggleiken til mannskapet. Ensilasje-produksjon og ivaretaking av biprodukt gjer at all fisk som kjem om bord blir fullt utnytta.
Fiskeklar i 2025
Nybygget er planlagt å vere klart for fiske om ca. to år, med ei lengde på 64.90 meter og ei breidde på 15 meter. Reiarlaget har vore svært fornøgde med samarbeidet mellom Skipsteknisk, Tersan Shipyard og leverandørane, og ser fram til eit spanande byggeprosjekt framover.
«Vi vil takke alle våre samarbeidspartnarar som har trua på oss og gjer dette mogleg. Det at vi har så mange unge og flinke folk i reiarlaget, både om bord og på land, gjer oss motiverte og rusta til å bygge for framtida», avsluttar Leinebø